Innstramming av restriksjonar mot innførsel av russiskregistrerte personbilar

Som ein reaksjon på den folkerettsstridige krigen Russland fører mot Ukraina, innfører Noreg ytterlegare innstrammingar av dei restriktive tiltaka mot Russland. Noreg gjer som andre EU-land med grense til Russland, og presiserer at forbodet mot import av mellom anna russiskregistrerte personbilar med ni eller færre sete også omfattar eit forbod mot mellombels innførsel. Noreg innfører samtidig nokre unntak.

Endringane trer i kraft ved midnatt natt til tirsdag 3. oktober.

Noreg har slutta opp om sanksjonane som EU har innført mot Russland, med nokre nasjonale tilpassingar. Målet med dei historisk omfattande sanksjonane er å redusere evna Russland har til å finansiere den folkerettsstridige krigen mot Ukraina.

– Noreg står saman med allierte og likesinna i reaksjonane mot den brutale åtakskrigen Russland fører mot Ukraina. Det er viktig at sanksjonane er effektive slik at vi i størst mogleg grad forhindrar inntekter som den russiske staten treng til å finansiere krigen, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

EU-kommisjonen la ut oppdaterte retningslinjer om mellombels innførsel av mellom anna russiskregistrerte køyretøy 8. og 12. september. Finland, Estland, Latvia, Litauen og Polen har følgt rettleiinga frå EU-kommisjonen om å ikkje lenger tillate russiskregistrerte bilar å passere grensa inn til EU, med nokre unntak. Noreg innfører no tilsvarande tiltak.

Presiseringa av restriksjonane inneber mellom anna at russiskregistrerte personbilar med ni eller færre sete ikkje lenger kan førast inn i Noreg, heller ikkje ved mellombels innførsel. Føresegna gjeld derimot ikkje for køyretøy med ti eller fleire sete. Det er difor framleis mogleg å krysse grensa med til dømes minibussar og bussar over Storskog grensestasjon slik som no.

Noreg innfører samtidig visse unntak. Det er gjort unntak for køyretøy som er eigt av norske statsborgarar eller EØS-borgarar med fast bustad i Russland eller familiemedlemma deira. Det er gjort unntak for køyretøy som er nødvendig av humanitære grunnar, som akutt sjukdom, dødsfall eller gravferd i familie. Det er òg unntak for diplomatiske køyretøy og køyretøy som høyrer til internasjonale organisasjonar eller ein stats kurerteneste. Presiseringa er retta mot transportmiddelet som blir brukt, og ikkje personane som bruker transportmiddelet. Sjølv om eit køyretøy er omfatta av eitt av unntaka, inneber ikkje det at personane i bilen automatisk får reise inn til Noreg.

Lovtekster

Forskriftsendringa trer i kraft 2. oktober klokka 24.00 og vert publisert på lovdata.no.