Kim Frieles minnepris 2026 går til ÜniKuir
Pressemelding | Dato: 17.06.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Den tyrkiske organisasjonen ÜniKuir er tildelt Kim Frieles minnepris for 2026. Juryen tildeler ÜniKuir prisen for deres modige og langsiktige arbeid for skeives rettar, demokrati og ytringsfridom i Tyrkia.
– Vi ser at skeive ofte er blant dei første som blir råka når rettar blir svekka. ÜniKuir står i frontlinja for både ytringsfridom og skeives rettar. Eg vil gratulere dei med prisen og samstundes takke juryen for jobben dei har gjort, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Prisen vart oppretta av regjeringa for å heidre og føre vidare Kim Frieles innsats for skeive og for menneskerettar. Han skal løfte fram aktivistar som arbeider i hennar ånd – i Noreg eller internasjonalt.
ÜniKuir vart etablert etter ei fredeleg pride-markering ved det tekniske universitetet i Ankara i 2019, der studentar vart utsette for politivald, arrestasjonar og tiltalar. Sidan har organisasjonen bygd ei brei og prinsipiell motstandsrørsle for skeives rettar, akademisk fridom og ytringsfridom.
Juryen peikar på at dei med årets tildeling ønskjer å støtte ein organisasjon som står i ein særleg utsett posisjon, og som arbeider utrøytteleg for at andre skal kunne leve frie og trygge liv.
– Årets tildeling skjer i lys av den stadig forverra situasjonen for skeive i store delar av verda. ÜniKuir har lenge stått på frontlinja for skeives rettar, og minner oss om at ingen siger er vunnen for alltid. Endring blir skapt både frå grasrota og ovanfrå. ÜniKuir gjer begge delar – og dei gjer det godt. Vi er trygge på at Kim Friele ville vore stolt av denne tildelinga, seier juryleiar Kristin Halvorsen.
Dette er det tredje året prisen blir delt ut, og i år fann tildelinga stad under opningskonserten til Oslo Pride i Operaen 17. juni.
Vinnaren får ei pengegåve på 1 million kroner.
Juryen vart oppnemnd 20. november 2023 og består av juryleiar Kristin Halvorsen, Guro Sibeko, Kjell Erik Ullman Øie og Knut Olav Åmås. Sekretariatet for prisen har vore Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Pressekontakt for prisvinnarane:
Eirik Aimar Engebretsen, sekretariatsleiar i Bufdir for Kim Frieles minnepris, eirik.aimar.engebretsen@bufdir.no, tlf: 93 04 02 19.