Presseinformasjon

Kinas utanriksminister til Noreg

Kinas utanriksminister Qin Gang møter statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Anniken Huitfeldt i Oslo fredag 12. mai. Besøket er del av ei rundreise til fleire europeiske land.

Nett-tv Kinas utanriksminister til Noreg

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Samarbeidet mellom Kina og Noreg, globale spørsmål som klima og miljø, menneskerettar og aktuelle internasjonale spørsmål som krigen i Ukraina vil vere viktige tema for besøket.

– Det er viktig å ha regelmessig dialog med Kina, som ein av dei viktigaste aktørane innan internasjonal politikk og global økonomi. Pandemien gjorde moglegheitene for kontakt mindre. Dette besøket er eit godt høve til å diskutere spørsmål av felles interesse og fremje bodskap som er viktige for Noreg, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.  

Medan han er i Noreg, skal utanriksminister Qin Gang møte utanriksminister Anniken Huitfeldt. Det blir et kort pressemøte med dei to utanriksministrane på fredag etter lunsj. Fleire detaljer om dette kjem. Den kinesiske utanriksministeren skal òg ha ein høfligheitsvisitt med statsminister Jonas Gahr Støre.   

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad, ragnhild.simenstad@mfa.no, mobil 91 71 74 59.

Presseakkreditering for besøk frå Kinas utanriksminister

I samband med at Kinas utanriksminister kjem til Noreg, må interessert presse akkreditere seg.

Journalistar som ønsker å dekke pressemøtet må søke om akkreditering før klokka 11.00 torsdag 11. mai. Send søknad om akkreditering til media@mfa.no

Pressemøtet er berre opent for akkreditert presse. Pressemøtet blir på engelsk og kinesisk med tolking. Korte introduksjonar frå dei to utanriksministrane, før spørsmål i plenum. Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes leiar møtet.

Pressemøtet blir strøyma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressemøtet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no. 
 
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.