Presseinvitasjon

Klima- og miljøministeren besøkjer Egersund

Fredag 30. mai besøkjer klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen Egersund. Statsråden skal følgje sykkelrittet Tour of Norway og besøkje to bedrifter i Egersund.

Fredag 30. mai deltek over 100 utøvarar i sykkelrittet Tour of Norway. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen skal følgje rittet.

– Sykling er sunt, miljøvennleg, og ikkje minst morosamt. Eg gler meg til å sjå norske og internasjonale leiande syklistar konkurrere i noko av Noregs mest spektakulære natur, seier Bjelland Eriksen.

Etter sykkelrittet besøkjer statsråden Egersund Seafood og Egersund Trål.

– Dette er viktige bedrifter for verdiskapinga vår, og begge to er heilt sentrale arbeidsplassar i regionen. Eg ser fram til å høyre om kva moglegheiter og utfordringar dei ser for å halde fram med å skape verdiar framover, seier Bjelland Eriksen.

Program:

11.30–12.30: Tour of Norway, Egersund sentrum

13.00–14.00: Besøk hos Egersund Seafood

14.00–15.00: Besøk hos Egersund Trål


Pressekontakt:
Sofie Rosten Løvdahl, telefon: +47 902 80 868