Klær i store beholdere på gjenbruksstasjon.
Noreg påverkar utslepp i andre land gjennom forbruk av importerte varer, som til dømes klede. Foto: KLD

Ifølgje SSB har nordmenn nest høgast forbruk i Europa. Det er berre Luxembourg som har høgare forbruk, viser tal for 2024.

– Vi forbrukar langt meir enn det jorda vår toler. Difor arbeider regjeringa for å redusere Noregs klimafotavtrykk, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

Utslepp i utlandet frå norsk forbruk

Stortinget har bede regjeringa greie ut eit klimamål for nordmenns forbruk. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett nærare på korleis eit slikt mål kan sjå ut.

Du kan lese rapporten her.

Tidlegare berekningar viser at to tredelar av klimagassutsleppa knytte til norsk forbruk skjer i andre land. I 2021 var utsleppa frå norsk forbruk på rundt 77 millionar tonn CO₂. Det er likevel stor uvisse knytt til desse tala. Dei tre største kategoriane var transport, byggje- og anleggsverksemd og mat og drikke.

Treng meir kunnskap

I rapporten tilrår Miljødirektoratet eit overordna mål, men understrekar at vi treng meir kunnskap om tiltak og verkemiddel.

I tillegg til eit overordna mål, tilrår Miljødirektoratet mål for utvalde område som til dømes transport, bygg og anlegg og matforbruk.

Meir ombruk, reparasjon og deling

Regjeringa arbeider for at det skal bli enklare for forbrukarar og verksemder å ta berekraftige val. Samfunnsoppdraget for sirkulærøkonomi, forslag om ny matsvinnlov og endringar i brukthandellova er nokre av grepa regjeringa har teke.

– Vi vil gjere det enklare for folk å ta gode berekraftige val, som òg er bra for lommeboka. No skal vi sjå nøye på dei nye tilrådingane frå Miljødirektoratet om arbeidet med klimagassutslepp frå forbruk i Noreg, seier Bjelland Eriksen.

Fakta: Forbruksbaserte klimagassutslepp

  • Forbruksbaserte klimagassutslepp gjeld utslepp frå eige territorium, som kvart enkelt land har ansvar for etter Parisavtalen. Alle land pliktar å ha klimagassrekneskap for slike utslepp. Noreg sine lovfesta klimamål gjeld desse utsleppa.
  • I tillegg til utsleppa som skjer på norsk territorium, påverkar Noreg òg utslepp i andre land gjennom forbruk av importerte varer og tenester. Dette blir gjerne omtalt som forbruksbaserte klimagassutslepp eller klimafotavtrykk.
  • Klimafotavtrykket inkluderer utslepp knytte til forbruket til norske hushaldningar, næringslivet og offentleg sektor.
  • Metoden for forbruksbaserte utslepp tek utgangspunkt i utsleppa som skjer i Noreg, og legg til utslepp frå nordmenns flyreiser utanlands, og utsleppa frå produksjon og transport av varer som blir importerte frå andre land. Utslepp her heime frå varer og tenester som blir eksporterte og brukte i utlandet, blir trekte frå.