Koordineringsgruppe for tilbodet til sårbare barn og unge under koronakrisen

Dette innhaldet er meir enn 6 månadar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Regjeringa har sett ned ei gruppe som skal gi eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om konsekvensane iverksette smitteverntiltak har for sårbare barn og unge, og vurdere tiltak som kan bøte på desse konsekvensane.

– Smitteverntiltaka vi har sett inn for å kjempe mot koronaviruset er heilt naudsynte. Men vi er uroa for effekten koronakrisen og smitteverntiltaka har for dei sårbara barna. Derfor har vi sett ned denne gruppa, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). 

Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og inneheld representantar frå:

  • Folkehelseinstituttet (FHI)
  • Helsedirektoratet (Hdir)
  • Utdanningsdirektoratet (Udir)
  • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
  • Politidirektoratet (POD)
  • Sekretariatet for konfliktrådene (SfK)

I tillegg har Arbeids- og velferdsdirektoratet blitt invitert inn.

Gruppa skal undervegs i arbeidet ha dialog med Barneombodet, relevante representantar for frivilligheita og fleire andre. Dei skal rapportere til barne- og familieministeren kvar 14. dag.

Her kan du lese mandatet for koordineringsgruppa.