Historisk arkiv

Ny rapport om sårbare barn og unge tilrår å opne alle tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Rapporten kjem med forslag til tiltak for å betre situasjonen for barnog unge. Deira viktigaste tilråding er å sikre at alle tenester for barnog unge opnast opp utan unaudsynt opphald og i tråd medgrunnleggande smittevernsomsyn.

- Vi har no mottatt to statusrapportar som viser at Covid-19 pandemien og smitteverntiltaka i stor grad har påverka kvardagen til barn og unge, og at tenestetilbodet har blitt vesentlig redusert. Det aller viktigaste for sårbare barn og unge er at dei ordinære tenestene opner som fort som mogleg. Eg er difor veldig glad for at vi no har bestemt at skulane vil opne for alle trinn, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Her kan du lese andre rapport frå koordineringsgruppa.

I rapporten vert det framheva at det viktigaste tiltaket for å betre situasjonen for barn og unge vil vere å sikre at alle tenestene åpnar opp utan unaudsynt opphald og at grunnleggjande smitteverntiltak er tilstrekkjeleg. Utgangspunktet for alle tenester er at dei tilsette skal møte på jobb. Video og heimekontor tilrådast der det er muleg, men berre dersom kvaliteten på tenestene ikkje vert vesentleg forringa.

Gruppa tilrår også å styrke den sektorvise kommunikasjonen. Mange i befolkninga er redde for å oppsøke tenestene og kvart direktorat må målrette kommunikasjonen for å trygge brukarane.

- Eg er veldig glad for å få tydelege tilrådingar frå koordineringsgruppa. Dei fleste av tiltaka som vert foreslått, ligg allereie innanfor direktorata sine mandat å følgje opp. Dette gjeld mellom anna forslag om å styrkje kommunikasjonen ut til folk, og forslaget om å utarbeide smittevernrettleiarar for tenestene. Eg vil no saman med fleire andre departement jobbe vidare med å betre situasjonen for barn og unge, seier barne- og familieministeren.

Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og inneheld representantar frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet (Hdir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Politidirektoratet (POD),  Sekretariatet for konfliktrådene (SfK) og NAV.  Gruppa skal rapportere til barne- og familieministeren kvar 14. dag. I arbeidet er gruppa i dialog med Barneombodet, Likestillings- og diskriminieringsombodet og andre sentrale organisasjonar.

Her kan du lese den første rapporten.