Historisk arkiv

Koronasituasjonen: Pressekonferanse om covid 19-vaksinasjon med helse- og omsorgsministeren fredag 4. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Invitasjon til pressekonferanse fredag 4. desember kl. 11.30 med helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Nett-tv Pressekonferanse om covid 19-vaksinasjon med helse- og omsorgsministeren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Smitteverndirektør ved FHI Geir Bukholm, direktør i Legemiddelverket Audun Hågå, og helsedirektør Bjørn Guldvog vil også vere til stades.

Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.

Stad: Marmorsalen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18. 

Oppmøtetid: Fredag 4. desember kl. 11.15. Ta med gyldig pressekort og ID.  

Presse som ikkje har høve til å møte, eller ikkje ønskjer å kome grunna smittefare, kan sende inn spørsmål til info@hod.dep.no med teksten "PK korona" i emnefeltet. Spørsmåla må vere oss i hende seinast kl. 10.30. Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus, eller ein må kunne vise til frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla vert stilt i pressekonferansen. 

Om sendinga

Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og kan følgast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette nåast på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Departementa har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing blant besøkande og tilsette. Difor ber vi redaksjonane begrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Dersom oppmøtet er større enn kapasiteten i lokalet, kan pressa verte henvist til å følge pressekonferansen digitalt.

Folkehelseinstituttet sine nettside har meir informasjon om smittevern

Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, tlf. 913 95 608, e-post nina.husom@hod.dep.no.