– Denne regjeringa satsar på betre infrastruktur, også i skogbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Betre skogsvegnett og vidareutvikling av tømmerkaier er viktige tiltak for auka hogst og lønnsemd i skog- og trenæringa. – Meir aktivitet i skogen gjev positive klimabidrag og ringverknadar for næringsverksemd og sysselsetjing i distrikta. – Av omsyn til kystfylke som er råka mest av arbeidsløyse, skal 29 millionar kroner av løyvinga til tømmerkaier prioriterast til prosjekt i slike område, seier Dale. 

Regjeringa har tidlegare auka dei totale løyvingane til skogsvegar frå 69 millionar kroner i 2013 til 135 millionar kroner i 2017, nær ei dobling. Løyvingane til tømmerkaier er meir enn tredobla, til 75 millionar kroner i 2017. Landbruksdirektoratet forvaltar desse tilskottsmidlane på oppdrag frå departementet. 

Tømmerkai.
Av omsyn til kystfylke som er råka mest av arbeidsløyse, skal 29 millioner kroner av løyvinga til tømmerkaier prioriterast til prosjekt i slike område. Foto: Terje Natland/Fylkesmannen i Hordaland

Fordelinga av midlar til infrastrukturtiltak i skogbruket går over statsbudsjettet kapittel 1149, post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket er nyleg gjort.