Presseinvitasjon:
Kultur- og likestillingsministeren presenterer forslag til kultur- og likestillingsbudsjett for 2025
Pressemelding | Nr: 43/24 | Dato: 01.10.2024 | Sist oppdatert: 04.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery presenterer forslaget til kultur- og likestillingsbudsjettet mandag 7. oktober kl. 13:30 på Kode kunstmuseum i Bergen (NB! Oppdatert med ny stad).
Forslag til kultur- og likestillingsbudsjettet for 2025
Sjå sendinga her
Tid: Mandag 7. oktober kl. 13:30
OBS! Ny stad: Blumenthal-rommet, Rasmus Meyer, Kode kunstmuseum, Rasmus Meyers allé 7, 5015 Bergen
Påmelding: Vi ber alle frå presse om å melde seg på med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan 7. oktober kl. 12:00.
Kultur- og likestillingsministeren vil vere tilgjengeleg for ein til ein-intervju etter presentasjonen.
Arrangementet blir strømma og tolka for teiknspråk (kun digitalt). Sendinga kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.