Kulturdepartementet utnemner nytt styremedlem til Stiftelsen Antidoping Norge

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Kulturdepartementet har i dag utnemnd Thorhild Widvey til nytt styremedlem i Stiftelsen Antidoping Norge.

Thorhild Widvey har solid kunnskap og kompetanse på antidopingfeltet, både nasjonalt og internasjonalt.

Samstundes med utnemninga av Thorhild Widvey, utnemner Kulturdepartementet òg Erik Borge Skei, lege og direktør ved Barne- og ungdomsklinikken på Akershus universitets­sjukehus til styremedlem i ADNO. Borge Skei vil gå inn i styret frå hausten 2019.