Historisk arkiv

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar til Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Nyhendeankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2021.

Journalistane Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 står saman med blomer, diplom og kunstverk. Foto: Magni Øvrebotten/NRK
Journalistane Arill Riise og Siri Kleiven Strøm i TV 2. Foto: Magni Øvrebotten/NRK

Dei deler prisen på til saman 75.000 kroner, og dei får òg eit kunstverk kvar. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein eller fleire dyktige journalistar som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre. Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide var den første vinnaren.