Rørtveit i Flatdal får Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen 2026
Nyheit | Dato: 11.09.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Det er Gunleik Mæland på garden Rørtveit i Flatdal i Telemark som får prisen utdelt. Mæland får prisen for sitt engasjement innan stølsdrift, bevaringsverdige kurasar, lokalprodusert mat og å halde kulturlandskapet i hevd.
– Mæland er ein ung bonde, og han har allereie drive garden i fleire år. Eg er imponert over det han har fått til så langt. I tillegg til eit hektisk gardsliv, har han også gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet og har eit stort engasjement for stølsdrift. Han er eit godt døme på korleis bønder kan bidra positivt på ei rekkje område i nærmiljøa sine: verdiskaping, ivareta kulturminne, kulturlandskap og tradisjonar, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
På garden driv Mæland hovudsakleg med bevaringsverdige rasar som telemarksfe, norsk kvit sau og spælsau. Mæland leverer både kjøt, meieriprodukt og eplemost til lokale hotell og serveringsbedrifter.
Stølen «Storstaul» høyrer til garden. Her er det fleire gamle bygningar som er sette i stand. Det er au lagt ned mykje arbeid med å opne opp kulturlandskapet i området rundt. Sidan 90-talet har det gått både sau og storfe på stølen, som bidreg til å vedlikehalde det.
I 2024 vart det opna eit nytt ysteri på garden.
Jordbrukets kulturlandskap og kulturarv er eit viktig gode for samfunnet. Det har tyding for tilhøyrsle, tradisjon og verdiskaping. Ulike naturgjevne forhold har gjeve stor variasjon i produksjonsmåtar og ressursutnytting i ulike deler av landet, med ulike særprega kulturlandskap. Det blir sett av midlar som skal leggje til rette for å vareta og oppretthalde kulturlandskapet over jordbruksavtalen.
Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med LMD om dette. Sjølve prisen består av eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl og 50 000 kroner.