Historisk arkiv

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Gjenbruk og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø er samfunnsnyttig både av omsyn til klima, ressursbruk og økonomi. Det kjem fram i ei stortingsmelding med nye nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken som regjeringa legg fram i dag.

- Kulturmiljø er eit felles gode som kan bidra til både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Slik sett er kulturmiljø ein del av løysinga på samfunnsutfordringane i vår tid, seier Sveinung Rotevatn (V).

Kulturmiljø er alle dei spora etter menneskeleg aktivitet og historie som omgjev oss. Det kan vere alt frå kyrkjer og mjølkeramper, til steinalderbuplassar og fangeleire frå andre verdskrig. Eller eit jordbrukslandskap forma gjennom fleire hundre år med iherdig arbeid. Desse spora er ressursar for kunnskap, opplevingar og bruk både no og i framtida.

Kulturmiljø har både miljømessige, sosiale og økonomiske verdiar. Det vil vere samfunnsnyttig å leggje til rette for gjenbruk og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø som ein del av ein satsing på sirkulær økonomi. Regjeringa vil derfor realisere kulturmiljøet sitt potensial for å bidra til berekraftig utvikling.

Meldinga legg til dømes vekt på korleis det kan vere meir klimavenleg å ta vare på gamle bygningar framfør å rive og bygge nytt.

- Ny bruk av gamle bygningar bidreg til å redusere klimagassutsleppa og til å redusere produksjonen av avfall. Den bygde kulturarven er slik sett eit bidrag i omstilling til sirkulærøkonomi og eit moderne og berekraftig lågutsleppssamfunn. Kulturminne og kulturmiljø spelar ei sentral rolle i berekraftig byutvikling, seier Sveinung Rotevatn.

Dei nye nasjonale måla i kulturmiljøpolitikken legg vekt på engasjement, berekraft og mangfald:

  • Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.
  • Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.
  • Eit mangfald av kulturmiljø skal bli tatt vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Gjennom meldinga vert "kulturmiljø" innført som eit samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Omgrepet understrekar verdien av heilskap og samanheng, og tilknytinga til den øvrige klima- og miljøpolitikken blir tydelegare.

- Deltaking i alle delar av det sivile samfunnet er viktig for demokratiet og for enkeltmenneske. Regjeringa vil oppmuntre til økt deltaking og medverking for å ta vare på kulturmiljø og betre rammevilkåra for eigarar og forvaltarar av kulturmiljø, seier Sveinung Rotevatn.

Du kan lese heile stortingsmeldinga her.