Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kven skal få Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2019?

Fram til 1. april kan du føreslå kandidatar til Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Prisen skal fremje bruk av nynorsk i media.

Annonse med bilete av vinnaren frå i fjor.
Foto: Nynorsk mediesenter/NRK

Prisen skal årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. Alle framlegga må ha ei grunngjeving.

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. Ein eigen jury peikar ut prisvinnaren. Sjå meir om prisen på www.nynorskmediesenter.no , der prisen har ei eiga side.

Spørsmål kan du sende til nynorskmediesenter@nrk.no eller ringe mobil 970 55 201.

Merk framlegga "Nynorskprisen 2019", og send dei til nemnde nettadresse, eller til NRK Nynorsk mediesenter, boks 100, 6801 Førde.

Til toppen