Historisk arkiv

Kven skal få Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2020?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Fram til 1. april kan du føreslå kandidatar til Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Prisen skal fremje bruk av nynorsk i media. Han skal årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.

Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 12. juni. I år er prisen auka frå 50.000 til 75.000 kroner og fristen for å kome med framlegg til kandidatar er 1. april. Alle framlegga må ha ei grunngjeving. Nytt av året er eit eige skjema der du kan skrive inn framlegget ditt med det same. Sjå nettsida til nynorskmediesenter.no for meir informasjon og for skjemaet du kan sende inn framlegg på.

Annonseplakat med bilete av Kjersti Mjør, Bergens Tidende, vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2019.
Kjersti Mjør, Bergens Tidende, vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2019.