Historisk arkiv

Landbruk i kommunene: Suksess for studiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk i kommunene: Kommunetilsette som har fått delta i kompetansegjevande studium kommunal landbruksforvalting, er godt nøgde med studia. Studietilbodet som Fylkesmannen sin landbruksavdeling i fire fylke har hatt dei to siste åra, er en suksess.

Landbruk i kommunene: Kommunetilsette som har fått delta i kompetansegjevande studium kommunal landbruksforvalting, er godt nøgde med studia. Studietilbodet som Fylkesmannen sin landbruksavdeling i fire fylke har hatt dei to siste åra, er en suksess.

Fylkesmannen sin landbruksavdeling i Rogaland, Hordaland, Vest-Agder og Aust-Agder har i 2008 og 2009 tilbydd eit kompetansegjevande studium for tilsette i kommunane som arbeider med landbruksforvalting.

Tre modular - opptil 30 studiepoeng
Utviklinga av studietilbodet kom i gong etter ei spørjeundersøking blant dei tilsette innan kommunal landbruksforvaltning i Rogaland. Kursa vart utvikla av fylkesmennene i dei fire fylka, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, Høgskulen i Volda og Utviklingskompetanse AS. Lærestadane var studiearrangørar for kvart sitt kurs. Studieopplegget famna om tre ulike modular som kvar gav ti studiepoeng: Forvaltning av kulturlandskap i endring, Landbruksjuridiske emner og Prosjektretta nærings- og bygdeutvikling.

Nøgde studentar
Evaluering av studiet viser at studentane er svært nøgde med kursa. Deltakarane meiner at kursa er relevante å tilby med jamne mellomrom, slik at flest mogleg av dei tilsette i landbruksforvaltinga får anledning til å få formell kompetanse innan offentleg forvalting.

Studier med overføringsverdi
Landbruks- og matdepartementet har gitt utviklingsstøtte over tre år til utviklinga av studieopplegget. Dei fire fylkesmannsembeta har støtta studiet med ei avgift per student frå sitt fylke og deltakarane har sjølve betalt kursavgift og dekt reise og opphald i forbindelse med samlingane. Departementet og dei involverte fylkesmannsembeta håpar at kursa som er utvikla kan ha ein overføringsverdi til andre fylker som ynskjer å tilby slike kurs for den kommunale landbruksforvaltninga.

Som ein del av kurset i forvalting av kulturlandskap var studentane på ei utferd som var tilrettelagt av Universitetet i Stavanger og Bioforsk Midt-Norge.
Som ein del av kurset i forvalting av kulturlandskap var studentane på ei utferd som var tilrettelagt av Universitetet i Stavanger og Bioforsk Midt-Norge. Foto: Synnøve Hognestad, Fylkesmannen i Rogaland.

Landbruk i kommunene: Kommunetilsette som har fått delta i kompetansegjevande studium kommunal landbruksforvalting, er godt nøgde med studia.