Landbruks- og matminister Geir Pollestad møtte Hovudstyret i KS

– Eg er glad for å møte Hovudstyret i KS til politisk dialog og meiningsutveksling med utgangspunkt i det politikkområdet eg har ansvar for. Landbruks- og matsektoren har ei tydeleg regional forankring, og representerer dermed viktige bidrag til busetting, sysselsetting, verdiskaping og for den grøne omstillinga det norske samfunnet er i gang med, seier Geir Pollestad.

Tema som ble diskutert på det det bilaterale konsultasjonsmøtet var:

  1. Klima, naturskade, klimatilpassing og avlingssvikt
  2. Produksjonssviktordninga
  3. Ny jordvernstrategi
  4. Overføring av utviklingsoppgåver innan landbruk frå statsforvalterne til fylkeskommunane
  5. Veterinærvaktordning i Noreg
  6. Eventuelt

– Kommunesektoren er sentral i realiseringa av mange av dei ambisiøse måla for landbruks- og matpolitikken i regjeringsplattforma.  Eg ser derfor fram til god dialog med kommunesektoren framover, seier landbruks- og matminister Pollestad.

Fra møtet.
Frå.v.: Arne Bergsvåg, KS, Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS, Landbruks- og matminister Geir Pollestad og Jenny Følling, KS. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Konsultasjonsmøta blir gjennomført innafor rammene av konsultasjonsordninga mellom staten og kommunesektoren. Hovudtema for dei bilaterale møta er enkeltsaker under det enkelte fagdepartement sitt ansvarsområdet, innspel til statsbudsjettet og bilaterale samarbeidsavtaler. Konsultasjonsmøta er arenaer for dialog mellom partane, og det tas derfor ikkje avgjersler i disse møta som binder handlingsrommet til partane.

KS er kommunesektorens organisasjon og utviklingspartner, og er landets største offentlege arbeidsgivarorganisasjon og forhandlingspart i lønsoppgjera.