Landbruks- og matministeren sitt svar i Stortinget sin muntlege spørretime 22.11.2023

Spørsmål frå Lene Westgaard-Halle (H) :

Mitt spørsmål går til landbruksministeren: Avsløringene og de ganske forferdelige bildene vi har sett av dyr som lider hos Aviagen den siste tiden, er svært bekymringsfulle, men dessverre er det heller ikke overraskende for oss som har fulgt diskusjonen om dyrevelferd og kyllingproduksjon en lang stund. Aviagen forsyner som vi vet rundt 70 pst. av norsk kyllingproduksjon, og det er egentlig ganske maktpåliggende at vi nå ser på vår produksjon.

Svar frå statsråd Pollestad: 

Eg takkar for spørsmålet. Eg meiner at dyrevelferd for alle dyr er viktig. Me jobbar no med ei dyrevelferdsmelding. Eg meiner det er mange år for seint, dyrevelferdsmeldinga burde ha kome med ti års intervall. Den førre regjeringa valde ikkje å leggja fram ei slik stortingsmelding, det gjer me no.

I etterkant av avsløringane om kylling i Sverige har eg hatt møte med Mattilsynet og bedt om ei orientering om situasjonen i norsk fjørfenæring. Signala derifrå er at det er ei næring som tek dyrevelferda på alvor, og at det er ført tilsyn med spesielt foreldredyrleddet knytt til slaktekyllingproduksjon. Det er eit dyrevelferdsprogram som gjeld for denne næringa. Når det gjeld rasen Ross 308, er det òg viktig at den har ein betydeleg høgare maksimal tilvekst enn det som vert køyrt i Noreg.

Eg meiner Nortura må gjera sine vurderingar av kva kyllingrasar dei ønskjer å produsera, og så vil eg som landbruksminister i dyrevelferdsmeldinga trekkja opp nokon grenser for produksjonen. Eg trur ikkje det er rett å gå inn på konkrete rasar, eg trur me må setja opp nokon standardar for kva som skal vera god dyrevelferd, og så vil det vera bønder, slakteri og andre aktørar som definerer kva rasar som oppfyller dei krava, og ikkje minst kva vilkår produksjon og oppdrett vert drivne under.