Historisk arkiv

Lanserer ny nasjonal pollinatorstrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa legg i dag fram ein nasjonal strategi for å sikre levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt. Dette er avgjerande for å ta vare på økosystema våre. Åtte ministrar har signert strategien.

– Mykje av den maten vi sett på bordet er avhengig av pollinering, og det er difor viktig for verdas matproduksjon at vi tek vare på dei pollinerande insekta. Alle som forvaltar eit areal kan gjere tilhøva betre for humler, bier og andre insekt, anten det er bønder, dei som steller parkane i byen eller dei som har ein hage. Med denne strategien ønskjer vi å få fleire med i ein koordinert nasjonal innsats for dei pollinerande insekta våre seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale under dagens lansering.
Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale la i dag fram ein nasjonal strategi for å sikre levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt. Foto: Klima- og miljødepartementet

Koordinert nasjonal innsats

Eit viktig føremål med strategien er å etablere felles mål og innsatsområde for ein koordinert nasjonal innsats. Mykje er allereie er sett i verk gjennom private initiativ, og privat - offentleg samarbeid. Dei frivillige organisasjonane og private verksemdene vil ha ei viktig rolle i den samla nasjonale innsatsen framover.

Ein nasjonal strategi for å sikre levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt vert lagt fram i dag.
Ein nasjonal strategi for å sikre levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt vert lagt fram i dag. Foto: Frank Ivar Hansen

– I dag er ein tredel av villbiene utrydningstruga. Villbiedøden har fått aukande merksemd dei siste åra, og det gjerast mykje for å ta betre vare på dei pollinerande insekta. Dei gode eksempla er mange, og vi treng ein møteplass, både for å utveksle kunnskap og erfaringar, og å samordne oss der det gjev meirverdi. Miljødirektoratet vil difor etablere eit Pollinatorforum der organisasjonar, forskingsmiljø og forvaltning kan møtast for læring og samarbeid. Miljødirektoratet vil og følgje opp strategien opp med ein koordinert tiltaksplan, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Hovudmål og innsatsområde for den nasjonale strategien:

Sikre levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt for å oppretthalde pollinering i matproduksjon og naturlege økosystem. 

Auka kunnskap

  • Auke kunnskapen om utviklinga innan pollinerande artar og leveområde over tid, kva som kjenneteiknar gode leveområde, og om trugsmål og effektive tiltak.

Gode leveområde

  • Unngå tap, og auke omfanget av samanhengande, gode leveområde for pollinatorar gjennom heile livssyklusen.

Formidling

  • Gjere oppdatert kunnskap om pollinatorar og pollinatorvenlege tiltak tilgjengeleg for alle målgrupper.

Pollinatorar og pollinering speler viktige roller i økosystema og for matproduksjonen. Internasjonalt er nedgangen av desse nyttige insekta sett på dagsorden av det internasjonale naturpanelet, og nokre land har laga eigne strategiar.

Også forsvaret, transportmyndigheitene og energisektoren kan gjere ein innsats på dette området. Det finst mykje areal kring bygningar, langs vegar og under kraftliner som kan bli gode leveområde om dei skjøttast rett. Det er gledeleg å sjå at mykje allereie er i gang i desse sektorane..

Om pollinatorer:

  • Ein pollinator er eit insekt, det kan vere humler, bier, fluger og sommarfuglar, som bestøvar plantene med pollenkorn slik at dei kan sette frø. For matproduksjonen er det viktig og for naturmangfaldet er det heilt avgjerande at vi har pollinatorar.
FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
  
  
FNs bærekraftsmål 

FNs 17 bærekraftsmål fram mot 2030 ble vedtatt av Høynivåforumet for bærekraftig utvikling som ble avholdt under FNs Generalforsamling i september 2015. Målene er universelle og gjelder for alle land, også Norge. Som ett av de første land skal Norge rapportere til FN om hvordan vi følger opp bærekraftsmålene. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FNs bærekraftsmål nr 2: Utrydde sult, oppnå matsikkerhet og bedre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk.