Lansering av rapport om store språkmodellar i helsetenesta

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet om store språkmodellar kjem med fem anbefalingar til korleis ein kan ta dei i bruk i helsetenesta.

Regjeringa har løyvd 40 millionar kroner til utvikling av språkmodellar på norsk og samisk i 2025. 20 millionar går direkte til Nasjonalbiblioteket for å trene språkmodellar med norsk tekst som andre kan bruke. Dei resterande midlane går til å styrke infrastrukturen og reknekrafta som trengst for å handtere dei store datamengdene.

– Denne investeringa er eit viktig steg mot å sikre at helsetenestene våre er både innovative og trygge for alle, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Språkmodellar som del av løysinga

Språkmodellar som er trena på internasjonale data har auka risiko for å gjere feil i norsk kontekst, spesielt når det gjeld fagspråk, dialektar og kulturelle nyansar.

Samarbeidet mellom Nasjonalbiblioteket og Helsedirektoratet er viktig for å trene språkmodellar som er tilpassa helse. Modellane er tilgjengelege slik at både offentlege og private kan bruke språkmodellen når dei utviklar KI-verktøy.

– For at vi skal kunne bruke KI på ein best mogleg måte her til lands er det avgjerande at vi utviklar språkmodellar som er tilpassa vår eigen kontekst. Vi kan ikkje lene oss på utviklinga i store internasjonale tech-selskap åleine. seier Vestre.

– Språkmodellar kan forenkle kvardagen for helsearbeidarar og forbetre kvaliteten på behandlinga som blir gitt til pasientane. Ikkje minst er det også eit bidrag til at vi kan få has på fleire tidstjuvar som unødvendig papirarbeid og tungvinte administrative prosessar. Dette er kjempeviktig for å sikre berekrafta i vår felles helse- og omsorgsteneste i åra som kjem, legg han til.  

Dei fem anbefalingane i rapporten

  • Etablere eit kvalitetsrammeverk for store språkmodellar i norsk helse- og omsorgsteneste: Utvikle felles standardar for testing og evaluering av språkmodellar for å sikre trygg bruk av generative KI-modeller i sektoren.
  • Bygge og dele kompetanse om utvikling og bruk av store språkmodellar: Styrke kunnskapen om korleis slike modellar kan utviklast og anvendast på ein effektiv måte i helse- og omsorgstenesten.
  • Etablere felles datagrunnlag: Sikre tilgang til omfattande og representative data for å trene og tilpasse språkmodellar til norske forhold.
  • Greie ut infrastruktur med reknekraft tilpassa helsesektoren sine behov: Vurdere behovet for og etablere nødvendig teknisk infrastruktur for å støtte utvikling og implementering av språkmodellar i helsesektoren.
  • Greie ut forvaltningsstruktur for store språkmodellar i helse- og omsorgssektoren: Definere ansvar og roller for forvaltning og vedlikehald av språkmodeller innen sektoren.