Nedgang i arbeidsløysa i desember

Den registrerte arbeidsløysa fell framleis. – Utviklinga i 2017 syner at regjeringas politikk verkar, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Nærbilde av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie med hvit vernehjelm, med gul kranmast i bakgrunnen.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Foto: Hanne T. Skodje/ASD

Frå november til desember blei det 200 færre heilt arbeidslause, ifølgje nye tal frå NAV. I desember var det 65 375 heilt arbeidslause. Det er 13 000 færre enn på same tid i fjor. Den registrerte arbeidsløysa har gått ned gjennom heile 2017. Størst har nedgangen vore i Rogaland, Møre og Romsdal og Vest-Agder. 

– Regjeringa kjem til å halde trykket oppe for å bidra til å skape fleire jobbar i 2018. Noreg treng fleire hender i arbeid, seier statsråden.

Fakta om arbeidsløysa i desember

  • Ved utgangen av desember 2017 var det registrert 65 375 heilt ledige arbeidssøkarar. I tillegg var det 19 585 arbeidssøkarar på tiltak.
  • Talet på heilt arbeidslause målt som del av arbeidsstyrken og justert for normale sesongvariasjonar var i desember 2,5 prosent, om lag som i månaden før.
  • Nedgangen i talet på heilt arbeidslause det siste året har vore størst i Rogaland (–31 prosent), Møre og Romsdal (–23 prosent) og Vest-Agder (–22 prosent) og blant personar med bakgrunn frå ingeniør- og ikt-fag (–33 prosent) og industriarbeid (–29 prosent).