Legg fram handlingsplan for ein giftfri kvardag

Leikene skal vere trygge for borna, og matemballasje og kokekar skal vere frie for giftstoff. Sportskleda vi kjøper skal ikkje innehalde miljøgifter. No legg regjeringa fram ein handlingsplan for ein giftfri kvardag.

Regjeringa vil legge til rette for at vi kan leve i ein giftfri kvardag der farlege kjemikaliar verken skadar  helsa vår eller miljø vårt. Når du kjøper nye produkt, skal du kunne stole på at dei ikkje inneheld skadelege stoff, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det er verksemdene som lagar produkta som er ansvarlege for at dei er trygge. Mykje er gjort for å redusere risikoen frå miljøgifter, både frå verksemdene og med strenge reguleringar. Men det er framleis utfordringar. No har regjeringa spissa dei nasjonale miljømåla for miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff. Handlingsplanen for ein giftfri kvardag viser korleis Noreg skal arbeide på kjemikalieområdet fram mot 2024.

– Det er framleis mange produkt på marknaden som kan innehalde farlege stoff. Allversjakker, matemballasje og kokekar er døme på det. Regjeringas plan for ein giftfri kvardag varslar at vi vil forby fleire miljøgifter, særleg ulike fluorbindingar raskare. Vi vil dessutan skaffe oss betre kunnskap om, og forby, farlege stoff i plast, seier Rotevatn.

Dei fleste kjemikaliane er nyttige og ufarlege i vanleg bruk, men nokre stoff har så uheldige eigenskapar at dei bør fasast heilt ut. Samstundes er det framleis mange produkt i sal som inneheld slike stoff. Eksempel kan vere allversjakker, matemballasje og slippbelegg i kokekar med fluorbindingar, drikkeflasker med bisfenolar, superundertøy med nanosølv, samt fiskesøkker og ammunisjon laga av bly.

PFAS-ar er ei gruppe av om lag 6000 stoff som kan ha alvorlege helse- og miljøeffektar. Stoffa nyttast mellom anna i industri og forbrukarprodukt som skal vere vass-, feitt- og smussfråstøytande. Å stanse bruk og utslepp av slike stoff vil vere eit viktig steg mot ein giftfri kvardag. Noreg arbeider no saman med Danmark, Nederland, Sverige og Tyskland for eit forbod i Europa mot heile stoffgruppa PFAS-ar. 

Noreg har i fleire tiår hatt ein streng kjemikaliepolitikk for å beskytte menneske og miljø. Vi har felles kjemikalieregelverk med EU. Det reknast som det fremste i verda. Som medlem av EØS bidreg Noreg aktivt til å gjere det enda betre. Noreg er òg leiande i arbeidet for å få på plass fleire globale forbod. Handlingsplanen for ein giftfri kvardag viser korleis norske myndigheiter vil vidareutvikle arbeidet for å nå miljømåla fram mot 2024. Planen er også eit viktig reiskap for ein effektiv norsk innsats for å nå målet om eit giftfritt miljø i Europa innan 2030.

Utfordringane med helse- og miljøfarlege stoff, og politikken for å handtere dei, går på tvers av ulike sektorar. Problemstillingane handlar om helse, naturmiljø, matproduksjon, arbeidsmiljø, industripolitikk, innovasjon og forbrukarrettar. Difor omtaler handlingsplanen prioriteringane og tiltaka til alle relevante sektormyndigheiter. Me treng og meir kunnskap – om miljøgifter og andre farlege stoff, kva eigenskapar dei har, og korleis dei påverkar miljø og menneske.

Du kan lese heile handlingsplanen her.