Leikanger vert kontorstad for fylkesmannen si leiing

– For å få ein god regional balanse i offentlege arbeidsplassar i regionen, blir hovudsetet for det nye fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane og Hordaland lagt til Leikanger, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kongen i statsråd vedtok 10. mars 2017 å slå saman fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane til eitt embete med delt lokalisering. Dette inneber lokalisering både i Sogn og Fjordane og i Hordaland. Departementet fastset no at kontorstaden for embetsleiinga i det nye embetet skal ligge i Leikanger.

I intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar av 17. januar 2017, legg dei to fylkeskommunane til grunn at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane. I følge avtalen vert Bergen administrasjonssenter for den nye regionen på Vestlandet, med lokalisering av rådmannsfunksjonen og politisk leiing. Med departementet si avgjerd får dei to fylkeskommunane sitt ønske oppfylt.

–  Det er kontorstad for den øvste leiinga i embetet vi no har teke stilling til. Dei to embeta må få høve til å fordele dei ulike funksjonane i det nye embetet tilpassa lokale behov og føresetnader, seier Sanner. Det er lagt til grunn at det skal vere om lag like mange tilsette på lokasjonen i Sogn og Fjordane som i dag, og ikkje bli færre arbeidsplassar.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.