Lene Grenager som speler på cello.
Komponist og cellist Lene Grenager. Foto: Harald Solberg

Som cellist jobbar Grenager først og fremst med improvisasjon, hovudsakeleg i kvartettane SPUNK og Lemur og i duo med Sofia Jernberg. Ho har spelt konsertar med desse ensembla i heile Europa og USA og på festivalar i Noreg som Moldejazz og Kongsberg Jazzfestival.

Lene Grenager samarbeider med utøvarar frå ulike tradisjonar. Elektronikk og sampling inngår som ein integrert del i fleire av verka hennar.

– Vi treng musikk og kunstuttrykk som utfordrer oss, og som er med på å bevare gjennom å forandre. Arne Nordheims komponistpris bidrar til å synleggjere komponistar og det dei betyr for kulturen vår, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Frå juryen si grunngjeving om prisvinnaren:

"I det norske komposisjonsmiljøet har prisvinneren tidlig vist vei innen tilnærmingsmåter som i dag anses som ”lingua franca”. Med improvisasjonen i sentrum har hun tatt tak i et gitt materiale, folkemusikalsk- eller annet, og behandlet dette med både komponistens sans for arkitektur og musikerens nærkontakt med stoffet."

Om Nordheim-prisen:

Arne Nordheims komponistpris blei oppretta av Kulturdepartementet i 2001 i samband med komponisten sin 70-årsdag. Prisen blir delt ut kvart anna år under Ultimafestivalen.
I juryen sit komponist Håkon Berge (leiar), dagleg leiar i Norsk Komponistforening  Ida Habbestad og komponist og professor Asbjørn Schaathun.

Tidlegare vinnarar:

2016 Alfred Janson
2014 Magne Hegdal
2012 Øyvind Torvund
2011 Trond Reinholdtsen
2010 Ruben Sverre Gjertsen
2009 Magnar Åm
2008 Ragnhild Berstad
2007 Nils Henrik Asheim
2006 Ole-Henrik Moe
2005 Sven Lyder Kahrs
2004 Cecilie Ore
2003 Lars Petter Hagen
2002 Kåre Kolberg
2001 Maja Solveig Kjelstrup Ratkje