Korleis kan det spesialpedagogiske tilbodet til barn og unge bli betre?

Onsdag 4. april vil kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner få overlevert ein rapport om tilbodet til barn og unge med behov for særskild tilrettelegging i barnehage og skole.

Stad: Hotel Continental, sal Caroline.

Tid: Onsdag 4. april klokka 10:00 – 11:15 

I fjor oppnemnde regjeringa ei ekspertgruppe for å sjå nærare på det spesialpedagogiske tilbodet.

Ekspertgruppas leiar professor Thomas Nordahl vil presentere utfordringar med systemet, og vil legge fram fleire forslag til korleis tilbodet kan bli betre. 

Det blir høve for pressa å intervjue ministeren etter overleveringa. Fint om journalistar som vil kome gir beskjed til kommunikasjonsrådgivar Hong Pham.
E-post hong.pham@kd.dep.no eller telefon 911 35 990. 

Presentasjonen blir strøymd direkt her

Meir om ekspertgruppa

Til toppen