– Barns tryggleik må komme først. Arbeidet til Arbeiderparti-regjeringa med ein lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium er snart ferdig og vi gjer lova meir treffsikker for å beskytte barn og unge. Samtidig tek vi vare på retten deira til å delta, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Noreg går føre i arbeidet for ein trygg digital oppvekst, set barna sitt beste først og har vedteke å leggja inn eit vilkår om skaderisiko i lova, samstundes som ei rekke unntak i lova fjernast.

Utan vilkår om skaderisiko var det behov for å ha eit generelt unntak for mellom anna meldingstenester, for at ikkje apper som for eksempel nyttas til kommunikasjon med skolen skulle bli omfatta. 

Det var også behov for unntak for dataspel, for at ikkje ufarlege spel som betyr mykje for barn og unge skulle bli omfatta. No kan desse unntaka fjernast. Lovforslaget skal etter planen leggjast fram for Stortinget innan året er omme.

– Dette inneber ikkje at lova blir innskrenka. Tvert imot kan det bidra til at vi treff fleire av dei plattformene som er skadelege, og som vi derfor ønskjer at aldersgrensa skal gjelde for. Det kan mellom anna gjelde dataspel som kan reknast som sosiale medium, og som har skadelege funksjonar, seier Vågslid.

Vil omfatte mange plattformer

– Det er høgt prioritert i regjeringa å få på plass lova om digitale tenester (DSA) så raskt som mogleg. Den vil gi oss verktøya til å handheve aldersgrensa overfor so-me-gigantane og redusere risikoen for at barn møter skadeleg innhald i sosiale medium. Selskapa skal sørgje for aldersverifisering som faktisk fungerer, og vi forventar at dei etterlever lova frå dag éin, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen.

Skadelege sosiale medium blir definerte som «sosiale medium som gjennom utforming, eigenskapar eller innhald inneber risiko for barns kjenslemessige, kognitive eller helsemessige utvikling eller tryggleik».

Regjeringa meiner at plattformer som TikTok, Roblox og Snapchat vil bli omfatta av lova slik dei er utforma i dag.

– Lova skal fange opp spekteret av risiko barn blir utsette for på sosiale medium. Dette inkluderer alt frå eksponering for skadeleg innhald og avhengnadsskapande funksjonar til ulovleg marknadsføring og uønskt kontakt frå framande. Samstundes gir det tekselskapa insentiv til å fjerne skadeleg innhald og avhengnadsskapande funksjonar, seier Vågslid.

Vurderingane av kva som blir rekna som skadeleg for barn og unge skal vere baserte på kunnskap og vere oppdaterte i tråd med den teknologiske utviklinga. Lova vil med dette ta høgd for den digitale utviklinga og vere meir dynamisk.

Fakta om lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium

Regjeringa vil innføra ei aldersgrense for bruk av sosiale medium som skal gjelde fram til 1. januar det året ein fyller 16 år.

Lova har vore på høyring i Noreg og EØS, og regjeringa jobbar med mål om å leggje fram eit lovforslag for Stortinget innan året er omme.

Det regjeringa har føreslått er ei nasjonal lov om aldersgrense, som aktiverer sanksjons- og handhevingsforpliktingane som ligg i forordninga om digitale tenester (DSA). I Noreg vil DSA gjennomførast i lov om digitale tenester, som har vore på høyring.

Det er opp til tilbydarane å finne gode løysingar for aldersverifisering, slik at dei overheld sine plikter etter DSA. Løysinga må vere personvernvennleg og oppfylle vilkåra i GDPR.