Meir pengar til kommunesektoren for utgifter under koronakrisa

Dette innhaldet er meir enn 30 dagar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Regjeringa foreslår 1,5 milliardar kroner meir til fylkeskommunane og 500 millionar kroner til kommunane. Pengane skal gå til tapte billettinntekter i kollektivtransporten og til kommunar som har hatt særleg store utgifter til testing og smittesporing under koronakrisa. Forslaget er ein del av den nye tiltakspakka til regjeringa.

Koronakrisa har store konsekvensar for norsk økonomi og rammar alle næringar og sektorar over heile landet, òg kommunesektoren.

− Gjennom heile koronakrisa har regjeringa vore tydelege på at vi skal stille opp for kommunane. Det har vi gjort gjennom fleire tiltakspakker. Hittil har kommunesektoren fått 19,6 milliardar kroner i auka løyvingar og lågare arbeidsgjevaravgift, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

I tillegg viser økonomiske anslag at løns- og prisveksten truleg blir lågare i 2020 enn det som var anslått i statsbudsjettet.

− Tiltakspakkene og et auka handlingsrom har gjort at kommunane kan fortsetje å satse på barnehagar, skular og eldreomsorg og leggje til rette for det lokale næringslivet, både under og etter denne krisa, seier Astrup

1,5 milliardar kroner meir til kollektivtransport

Utbrotet av koronaviruset har ført til stor nedgang i talet på passasjerar i kollektivtransporten. Regjeringa foreslår difor at fylkeskommunane får ytterlegare 1,5 milliardar kroner i kompensasjon for tapte billettinntekter i kollektivtransporten.

I tillegg foreslår regjeringa å auke skjønsmidlane med 500 millionar kroner. Pengane skal gå til kommunar som har hatt spesielt store utgifter til testing, isolasjon, smittesporing og karantene under koronapandemien.

– Kommunane står i frontlinja for å halde smitta nede. Kommunar som har hatt større smitteutbrot har gjort ein stor innsats for å handtere dei. Vi foreslår difor ein særskilt kompensasjon til kommunar som har hatt store ekstrautgifter som følgje av lokale virusutbrot, seier Astrup.

Nye anslag på utgiftene til kommunane i november

− Vi veit ikkje kor lenge koronakrisa vil vare, eller kor store dei økonomiske konsekvensane blir for kommunesektoren. Difor har vi satt ned ei arbeidsgruppe saman med KS, som skal kartleggje konsekvensane, seier Astrup.

Arbeidsgruppa skal levere ein delrapport i oktober, slik at regjeringa kan ta høgde for ekstrakostnadane i nysalderinga av 2020-budsjettet.

Regjeringa vil òg leggje fram eit tilleggsnummer til 2021-budsjettet i løpet av november med førebelse anslag på meirutgifter og mindreinntekter for kommunesektoren i 2021. Her vil det i tillegg kome forslag til løyvingar.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00