Møte med Kinas ambassadør

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har i dag hatt møte med den kinesiske ambassadøren til Noreg, H.E. Ambassador Wang Min. Føremålet med møtet var kontaktutveksling, og å drøfte moglegheitar for samarbeid på landbruks- og matområdet.

På møtet utveksla dei erfaringar, mellom anna om forskingssamarbeid mellom Noreg og Kina fasilitert av NIBIO (Norsk Institutt for Bioøkonomi), åpning for eksport av genressurser på storfe (GENOs NRF-rase) frå Noreg til Kina, og handelspolitikk generelt. Den kinesiske ambassadøren meinte at Noreg har stor ekspertise knytt til praktisk jordbruk og forskning i jordbrukssektoren.

Landbruks- og matmnister Jon Georg Dale og H.E. Ambassador Wang Min under dagens møte.
Frå møtet i dag, landbruks- og matmnister Jon Georg Dale og den kinesiske ambassadøren til Noreg, H.E. Ambassador Wang Min. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Samarbeid for framtidig matproduksjon

Kina satsar stort på forsking, teknologiutvikling og innovasjon, og Noreg er her ein viktig samarbeidspartner. Internasjonalt forskningsamarbeid kan styrkje konkurransekrafta og evne til innovasjon. Globale utfordringar knytt til auka matproduksjon på ein berekraftig måte, mattryggleik, miljø, klima og antibiotikaresistens, krev internasjonalt samarbeid. NIBIO (Norsk Institutt for Bioøkonomi) har frå 2004 hatt eit omfattande forskingssamarbeid med Kina. Eit sterkare samarbeid med NIBIO er difor ønskjeleg. 

- Eg er glad for å ha møtt ambassadøren. Det var nyttig å drøfte synspunkt på forskningssamarbeidet mellom Noreg og Kina og vidare handelssamarbeid, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Til stades på møtet var og Liang Qiaozhi, Political Director, Huang Yanjun, Economic Advisor og Zhang Yiming, Political Advisor frå den kinesiske Ambassaden i Oslo, samt representantar frå embedsverket i Landbruks- og matdepartementet.  

FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
  
  
FNs bærekraftsmål 

FN sine 17 berekraftsmål fram mot 2030 vart vedtekne av Høynivåforumet for bærekraftig utvikling under FNs Generalforsamling i september 2015. Måla er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Som eitt av dei første landa skal Noreg rapportere til FN om korleis vi følgjer opp berekraftsmåla. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FN sitt berekraftsmål nr 2: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremja berekraftig landbruk.