Møte med embrapa 2026
Departementsråd Anne Marie Glosli møtte leiar Silvia Maria Fonseca Silveira Massruhá ved det brasilianske forskingsinstituttet Embrapa. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– I 2024 hadde eg gleda av å vitje Embrapa i samband med at Noreg var invitert som gjesteland til G20-møtet då Brasil hadde presidentskapet. Det var særs interessant å sjå korleis institusjonen jobbar innovativt og framoverlent med problemstillingar innan landbruksnæringa, seier departementsråd Anne Marie Glosli i Landbruks- og matdepartementet.

Embrapa er ein statleg forskingsinstitusjon for forsking, utvikling og innovasjon. Dei leverer kunnskap, produkt, prosessar og tenester til den brasilianske landbrukssektoren. Instituttet har hatt ei sentral rolle i å drive fram den enorme produktivitetsveksten i Brasil. På møtet presenterte Massruhá mellom anna korleis instituttet jobbar for meir berekraftig og klimatilpassa matrpoduksjon og matproduksjon. Ho presenterte også ordningar for sertifisering og sporbarheit av landbruksprodukt i Brasil.

– Sjølv om landa våre er forskjellige både i storleik og klima, har Noreg og Brasil har mange felles interesser når det gjeld forskingsområde som til dømes klima, miljø og matsikkerheit.

Brasil er ein sentral global og regional aktør, inkludert i fora som FN, G20 og den mellomstatlege organisasjonen BRICS. I tillegg er også Brasil Noregs viktigaste partnar i Latin-Amerika. Over 230 norske selskap er til stades i Brasil. På landbruksområdet er både Noreg og Brasil engasjerte i arbeidet med matsikkerheit og kampen mot svolt. I 2024 var det Brasil som hadde presidentskapet i G20 og var mellom anna vertskap for landbruksministermøtet høsten 2024.