Presseinvitasjon: Næringsministeren til Ålesund

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Måndag 25. april besøker næringsminister Jan Christian Vestre verksemder i Ålesund.

– Sist gong vi skulle til Ålesund, vart dagen snudd på hovudet på grunn av flykrøll. Eg er glad for at vi fann ein ny dato for besøket kjapt og ser fram til å treffe framoverlente eksportverksemder på Sunnmøre. Gjennom eksportreforma «Heile Noreg eksporterer» vil regjeringa bidra til å vidareutvikle det kraftfulle, eksportretta kompetansemiljøet som finst i Ålesund, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Program måndag 25. april

09:15-10:00 Optimar
Adresse: Valderøyvegen 1129

10:15-11:00 Treff med sjømatnæringa hos Brødrene Sperre AS
Adresse: Ellingsøyvegen 680

11:15-12:00 Vard og GCE Blue Maritime Cluster
Adresse: Skansekaia 2

12:30-13:30 Spilka industrier
Adresse: Langrabben 71 

13:45-14:30 Digicat
Adresse: Norsk Maritimt kompetansesenter, Borgundvegen 340

14:30-16:00 Møte med eksportverksemder
Adresse: Norsk Maritimt kompetansesenter,  Borgundvegen 340

16:00-16:45 Framtidslabben
Adresse: Norsk Maritimt kompetansesenter, Borgundvegen 340

Kontakt:
Presse som vil dekke deler av programmet kan ta kontakt med kommunikasjonseininga i NFD v/ Hanne Tenfjord Skodje på 93262087 eller hsk@nfd.dep.no