Presseinvitasjon:
Næringsministeren til København 24. november
Pressemelding | Dato: 22.11.2021 | Nærings- og fiskeridepartementet
Grøn omstilling er tema når næringsminister Jan Christian Vestre drar til København på sin første utenlandsreise som statsråd onsdag. Vestre skal mellom anna delta på WindEuropes havvind-messe og opne Aker Carbon Captures København-kontor.
– Vi har naturgitte fordeler, kompetanse i verdsklasse og vi er kjente for å lage kvalitet. Med dei føresetnadene har eg tru på at vi skal bli den beste eksportøren i verda av berekraftige løysingar. Eg gleder meg til å møte danske kollegaer og treffe norske eksportbedrifter på Electric City-messen for å få synspunkta deira, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Vestre startar besøket i København med å opne det norske seminaret om havvind under Electric City 2021. Seminaret blir arrangert av den norske avvindklynga Offshore WindCluster i samarbeid med Innovasjon Noreg og Norwegian Energy Partners (Norwep). Han vil òg få omvisning på den norske paviljongen og møte norske bedrifter som er til stades på messen.
I tillegg vil næringsministeren møte danske kollegaer for å diskutere korleis ein best mogleg kan legge til rette for at bedrifter kan auke eksportsatsingane sine, og dessutan delta på opninga av Aker Carbon Captures København-kontor
Kontakt
Presse som ønsker å dekke reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Yngve Angvik på 459 56 199 eller Yngve.Angvik@nfd.dep.no.
Program
07:45
Vestre innleier på frukostseminaret "Market approach: Norway – A plattform for North Sea Offshore Wind Markets" under Electric City-messen
Stad: Bella Center, Center Blvd. 5, 2300 København
08:45
Møte med Trade Council i det danske utanriksdepartementet.
Stad: Udenrigsministeriet, Asiatisk Plads 2, 1448 København K
10:15
Møte med State of Green
Stad: Huset i industrien, Vesterbrogade 1, 1620 København
11.45
Opning av Aker Carbon Captures København-kontor
Stad: Strandvejen 125, 2900 Hellerup
13:00
Møte med UNOP
Stad: FN-byen, Marmorvej 51, 2100 København
14:30
Besøk til Folketinget
Stad: Christiansborg, 1218 København K
16:15
Vestre besøker den norske paviljongen og møter bedrifter på Electric City, i tillegg til å bli orientert om ein dansk storsatsing innan fornybar energi.
Stad: Bella Center, Center Blvd. 5, 2300 København