Presseinvitasjon:

Næringsministeren til Sørlandet 15. og 16. november

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Næringsminister Jan Christian Vestre fortset på ferda si for å møte 100 bedrifter før jul. Måndag 15. og tysdag 16. november er det ei rekke bedrifter i Arendal, Grimstad, Lillesand, Kristiansand, Mandal og Kvinesdal som får besøk.

– Før jul har eg sett meg som mål å møte minst 100 bedrifter frå heile landet. Næringslivet på Sørlandet har stor vilje til å utnytte det fantastiske potensialet som ligg i det grøne skiftet. No gleder eg meg til å få råd om kva som hastar mest og korleis bedriftene og staten kan jobbe best mogleg saman for å få fart på omstillinga, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Måndag besøker næringsministeren mellom anna MacGregor, Morrow Batteries, Mechatronic Innovation Lab, Future Materials katapult-senter, ReSiTec og Elkem. Programmet fortset tysdag med besøk til mellom anna Glencore nikkelverk, Green Yard. Vestre møter òg ei rekke andre bedrifter i Mandals- og Lister-regionen.

Kontakt

Presse som ønsker å dekke reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Yngve Angvik på 459 56 199 eller Yngve.Angvik@nfd.dep.no.

Program

Måndag 15. november:

10:30: MacGregor
Adresse: Kystvegen 18, 4841 Arendal

11:30: Morrow Batteries
Adresse: Jon Lilletuns veg 9, 4879 Grimstad

12:30: Mechatronic Innovation Lab
Adresse: Jon Lilletuns vei 9, 4879 Grimstad

14:10: Fiven, Egeland Plast og 3B Fiberglass
Adresse: Birkelandsveien 140, 4790 Lillesand

15:15: ReSiTec
Adresse: Setesdalsveien 110, 4617 Kristiansand

16:30: Elkem
Adresse: Fiskåveien 100, 4621 Kristiansand S

Tysdag 16. november:

08:00: Innoventus Sør
Adresse: Tordenskjolds gate 9, 4612 Kristiansand S

09:10: Glencore nikkelverk
Adresse: Vesterveien 31, 4613 Kristiansand S

11:00: Bedrifter i Mandalsregionen
GE Healthcare, Enok Total, Nøsted &, Mandals, Lindesnes Næringshage og GOT.
Adresse: Gismerøyveien 227, 4515 Mandal

13:20: Green Yard
Foto Bim, Eco Fish, Hamram, Nordic Doors, Andersen Mek, Boilertec, Lister Nyskaping og Green Yard.
Adresse: Angholmveien 306, 4485 Feda