No får 1000 vaksne ekstra hjelp til å skaffe seg eit fagbrev

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

88 kurs rundt om i landet får til saman 23 millionar kroner for å førebu vaksne på å ta eit fagbrev. Vestfold og Telemark, Trøndelag og Vestland får pengar til flest kurs.

– Mange av dei som skal delta på kursa har lang arbeidserfaring, men treng å lære seg mellom anna lesing, skriving og rekning betre. Eg håper dei som deltek på kursa får den læringa dei treng for å kunne skaffe seg eit fagbrev. Det vil gjere at dei stiller sterkare i eit arbeidsliv med stadig høgare krav til formell kompetanse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Kursa er òg opne for permitterte og arbeidsledige. Av dei 997 planlagde deltakarane har 556 innvandrarbakgrunn og 265 er permitterte under pandemien.

– Koronakrisa har vist oss igjen at det er dei med låg eller ingen formell kompetanse som står først i permitteringskøen. Kompetanseheving er derfor ei viktig investering i enkeltmenneske, og kan for mange vere inngangsbilletten til arbeidslivet. Som samfunn er vi tente med at fleire blir inkluderte i arbeidslivet, seier Asheim.

Dei 88 kursa er fordelte på fagområda bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag.

Slik blir pengane fordelte:

Fylke                                          Kurs                Beløp

Troms og Finnmark                     3                1 200 000

Nordland                                       6                1 200 000

Trøndelag                                    12               3 060 000

Møre og Romsdal                         7               2 295 000

Vestland                                       11               3 225 000

Rogaland                                        7               2 025 000

Agder                                              8               1 650 000

Vestfold og Telemark                 12               3 495 000

Viken                                             12               2 535 000

Innlandet                                       3                   750 000

Oslo                                                7                1 500 000

Sum                                              88              22 935 000

Fakta:
Kompetansepluss prøveordning med fagopplæring vart første gang lansert i 2018. Det er Kompetanse Noreg som forvaltar ordninga. Målgruppa er vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning, som treng opplæring for å kunne ta fagbrev som praksiskandidat. Verksemder kan søke om pengar gjennom ordninga, som skal bidra til at vaksne får nødvendig kompetanse til å meistre krav og omstilling i arbeidslivet.

Meir om tildelingane her