Norden styrkjer samarbeidet om kraftmarknaden
Pressemelding | Dato: 12.05.2025 | Energidepartementet
Dei nordiske energiministrane står samla om å styrkje det gode, nordiske samarbeidet for å sikre ein framleis velfungerande nordisk energimarknad, med stabile og konkurransedyktige straumprisar. Det kjem fram i ei felles kunngjering frå eit uformelt nordisk energiministermøte i Warszawa 12. mai.

Norden har i fleire tiår hatt eit tett energisamarbeid med eit integrert kraftsystem og ein velfungerande felles marknad. Dette har gitt høg forsyningssikkerheit og god utnytting av ressursane, og har vore brukt som modell for energisamarbeidet i Europa.
– Den nordiske kraftmarknaden er ein berebjelke i den grøne omstillinga i Norden. Høge energiprisar og varierande kraftproduksjon kan utfordre konkurranseevna og forsyningssikkerheita i Europa. Det nordiske samarbeidet gjer det mogleg for oss å bruke energiressursane mest mogleg effektivt, sikre forsyninga og styrkje konkurranseevna i regionen vår, seier energiminister Terje Aasland.
Dei nordiske landa ser no auka behov for samarbeid i møte med ein mer vêravhengig kraftproduksjon, ustabile prisar og auka internasjonal konkurranse om rein energi. I kunngjeringa blir det understreka at det nordiske samarbeidet skal leggje til rette for den grøne omstillinga, sikre høg forsyningssikkerheit og skjerme sluttbrukarane for ekstreme prissvingingar.
Energiministrane viser også til at samarbeidet har ein viktig europeisk dimensjon. Ein styrkt nordisk kraftmarknad gir større moglegheiter for gjennomslag for felles interesser i EU og bidrar til eit meir velfungerande europeisk energisystem.
– Me har eit nesten fossilfritt kraftsystem og ein av dei mest effektive marknadene i verda. Det gir oss eit fortrinn. Ved å stå samla kan me sikre at Norden framleis kan vere i front i det grøne skiftet, seier Aasland.
Dei nordiske energiministrane er samla i Warszawa i samband med at dei deltek på det uformelle energiministermøtet i EU.