Historisk arkiv

Noreg donerer medisinsk utstyr til Nord-Makedonia for å handtere Covid-19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Måndag 13. juli vart norsk-donert medisinsk utstyr, som inkluderer ansiktmasker, termometer og vernebriller overlevert til Nord-Makedonia for å støtte dei i kampen mot Covid-19.

– Eg er glad for at feltsjukehuset vi donerte for nokre år sidan blir brukt i kampen mot Covid-19. Donasjonen vi overleverte i dag utstyrer dei med grunnleggjande verktøy for å kjempa mot viruset. Det er også eit lite symbol på vår takksemd til eit alliert land som vi ser på som ein god venn, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Noreg donerer medisinsk utstyr til Nord-Makedonia for å handtere Covid-19
Illustrasjonsfoto: Noreg donerer medisinsk utstyr til Nord-Makedonia for å handtere Covid-19. Foto: Frederik Ringnes, Forsvaret

Donasjonen er resultatet av eit militært medisinsk samarbeid som starta i 2007. Då vart makedonske legar og sjukepleiarar sendt til Noreg for å bli opplærd av Forsvarets Sanitet til fullt kvalifiserte kirurgiske team. Etter opplæringa vart sju kontingentar av makedonske kirurgiske team sendt ut til Afghanistan og integrert i det norskleidde gjenoppbyggingsteamet i provinsen Faryab (PRT). Dei spelte ei nøkkelrolle ved å syte for at det alltid var kvalifisert medisinsk støtte på plass for soldatane og offiserane i PRT. Ein makedonsk kirurg vart dekorert for eksepsjonell fagleg dugleik og leiarskap i teamet i ein situasjon der dei berga livet til hardt skadde norske soldatar.

Då Noreg i 2012 donerte eit feltsjukehus til Nord-Makedonia lovde vi at når feltsjukehuset vart tatt i operativ bruk, så ville vi gje dei medisinsk utstyr.

Noreg og Serbia har også støtta med utdanning og trening av dei som jobbar på feltsjukehuset. Frå april har Nord-Makedonia nytta feltsjukehuset til å doble kapasiteten til å handsame Covid-19 pasientar ved «Infectious Disease Clinic» ved sjukehuset i Skopje.

Forsvarsminister Radmila Sekerinska uttrykkjer stor takksemd for Noreg si støtte til Nord-Makedonia gjennom mange år.

– Feltsjukehuset vi fekk tidlegare og denne donasjonen av medisinsk utstyr er uvurderlege instrument i kampen mot Covid-19, seier ho.

Vidare understrekar ho at eit slikt samarbeid er nok ein vinst av medlemskapet i NATO som Nord-Makedonia fekk no i vår.

Måndag 13. juli vart norsk-donert medisinsk utstyr, som inkluderer ansiktmasker, termometer og vernebriller overlevert til Nord-Makedonia for støtte dei i kampen mot Covid-19.
Måndag 13. juli vart norsk-donert medisinsk utstyr, som inkluderer ansiktmasker, termometer og vernebriller overlevert til Nord-Makedonia for støtte dei i kampen mot Covid-19. Foto: Forsvaret

Her kan du lesa om det norsk-donerte feltsjukehus som tidlegare i år vart tatt i bruk i Nord-Makedonia: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/norsk-donert-feltsykehus-tatt-i-bruk-i-nord-makedonia/id2696894/