Kvart år gjev Noreg eit bidrag som svarar til 0.1 prosent av omsetnaden av såvarer her til lands til Fondet for fordelsdeling under «Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk».

Fondet er ein viktig del av det internasjonale samarbeidet om å bevare og bruke verdas såfrømangfald. Det fordeler midlar til prosjekt som støttar bønder i utviklingsland til å ha klimatilpassa såvarer som gjev bonden inntekter og familien god ernæring.

sortering av tradisjonelle sortar i Malawi
Bønder og tilsette frå genbanken kartlegg utbreiinga av ulike tradisjonelle sortar som grunnlag for dei sortane dei skal reintrodusere frå genbanken til felt. Bildet er frå Malawi. Foto: Zinyange Auntony / FAO

Nokre nøkkeltal frå den pågåande runden med prosjekt er:

  • Over 2000 sortar er utleverte frå genbankar til bønder.
  • Over 3500 tradisjonelle sortar er samla inn og bevarte.
  • Rundt 150 såfrømarknader er arrangerte der bønder kan syne fram mangfaldet i sine sortar og utveksle såfrø seg imellom.
  • Rundt 1500 såfrøprøver er sikkerheitskopierte for trygg lagring i Svalbard globale frøkvelv.

Under opninga av Svalbard globale frøkvelv i blei det bestemt at Noreg vil gje eit årleg bidrag tilsvarande 0,1 prosent av norsk såvareomsetning til fondet for fordelsdeling (Benefit-sharing fund). Dette blei gjort i anerkjenning av at det ikkje er tilstrekkeleg med nedfrysing av såfrømangfaldet i genbankar for å bevare den plantegenetiske rikdommen. Det er òg behov for at bønder aktivt brukar såfrømangfaldet. Vidare er norsk matproduksjon avhengig av genressursar frå andre land. Derfor brukar ein såvareomsetninga som utgangspunkt for å berekne det årlege bidraget, som har vore utbetalt kvart år sidan 2009.

Fondet for fordelsdeling skal bidra til deling av fordelane knytte til bruk av genressursar og er eit av tre føremål til både Konvensjonen for biologisk mangfald og Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Fordelsdeling er også del av FNs berekraftmål (delmål 2.5 og 15.6) og naturavtalen (hovudmål C og mål 13).