Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2016

- Eg er nøgd med at Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2016, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Eg har også merket meg at utnyttinga av kvotane ved Grønland har vore svært gode i år.

Kvotane for dei fleste bestandane blir vidareførde på same nivå som for 2015. Likevel vil norsk mogelegheit til fiske på blåkveite ved Øst-Grønland bli redusert med 100 tonn. Til gjengjeld har Noreg fått ei ny kvote på brosme på 200 tonn. Noreg og Grønland er også blitt einige om å vidareutvikle og vidareføre det gode forskingssamarbeidet.

Grønland sin kvote i Barentshavet er i samsvar med 2015 satt til 3500 tonn torsk, 900 tonn hyse og 700 tonn sei. I tillegg får Grønland ei kvote på inntil 260 tonn bifangst av andre artar.

Den norske blåkveitekvoten på 900 tonn ved Vest-Grønland er vidareførde. Ved Øst-Grønland er blåkveitekvoten redusert med  100 tonn til totalt 400 tonn og kveitekvoten reduserte til 100 tonn. Torskekvoten blir vidareførd med 1200 tonn og kvoten for botnlevande uer med 800 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.

Forskingssamarbeidet blir vidareført for blåkveite torsk, uer og makrell. Partane har også nyleg igangsatt eit nytt fleirårig forskingsprogram om effekten til klimaendringane på fiskebestandane i Vest-Norden.