Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2017

- Eg er nøgd med at Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2017, seier fiskeriminister Per Sandberg. Eg har også merket meg at utnyttinga av kvotane ved Grønland har vore svært gode i år.

Kvotane for dei fleste bestandane blir vidareførde på same nivå som for 2016. Likevel vil norsk mogelegheit til fiske på kveite ved Øst-Grønland bli redusert med 90 tonn. Til gjengjeld har Noreg fått økt kvota på brosme på med 140 tonn. Noreg og Grønland er også blitt einige om å vidareutvikle og vidareføre det gode forskingssamarbeidet.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2017 er satt til 3700 tonn torsk, 900 tonn hyse og 500 tonn sei. I tillegg får Grønland ei kvote på inntil 300 tonn bifangst av andre artar.

Dei norske blåkveitekvotane på 900 tonn ved Vest-Grønland og 400 tonn på Øst-Grønland, er vidareførde. Kveitekvoten på Øst-Grønland er redusert til 10 tonn. Torskekvoten blir vidareførd med 1200 tonn og kvoten for botnlevande uer med 800 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.

Forskingssamarbeidet blir vidareført for blåkveite torsk, uer, håkjerring og makrell. Partane har også nyleg sett i gang eit fleirårig forskingsprogram om effektane av klimaendringane på fiskebestandane og økosystema i vestnordiske farvatn.