Pressemelding

Nr.: 141/02
Dato: 02.08.02

Noreg inngår luftfartsavtale med Sør-Korea

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå ein luftfartsavtale med Sør-Korea. Avtalen handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For dei norske verksemder som er peika ut til å drive slik trafikk gjev avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Sør-Korea.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Sør-Korea og Danmark og Sverige.

I samband med underteikninga vil Noreg peike ut SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Sør-Korea.