Historisk arkiv

Ny åremålsperiode for direktør Pål Molander på STAMI

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Direktør Pål Molander blir tilsett i åremålsstilling som direktør for Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) for ein periode på seks år, frå det tidspunktet departementet avgjer.

Dette vil vere Molanders andre åremålsperiode som direktør for STAMI. Molander er utdanna dr. scient. frå Universitetet i Oslo i 2000. I 2001 byrja han som forskar  i STAMI og vart forskingsdirektør same stad i 2006. I 2011 blei Molander første gongen tilsett som direktør for STAMI for ein periode på seks år. 

Arbeids- og sosialdepartement ser Pål Molander som godt kvalifisert i stillinga som direktør for STAMI. Han har med sin bakgrunn og sine personlege kvalifikasjonar gode føresetnader for å halde fram med arbeidet med å vidareutvikla STAMI.