Historisk arkiv

Ny frivilligheitsmelding lagt fram: Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Frivillig innsats er ei kjelde til fellesskap, demokratiutøving og kompetanse. Regjeringa vil at denne kjelda skal vere tilgjengeleg for alle, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Kulturministeren på scenen med powerpoint på storskjerm om frivilligheitsmeldinga bak seg.
Kulturminister Trine Skei Grande under presentasjonen av frivilligheitsmeldinga på Frivillighetens dag onsdag 5. desember, på DOGA i Oslo. Foto: Ketil Frøland / Kulturdepartementet

- Frivilligheitspolitikken skal bidra til at frivilligheita kan realisere sine eigne mål og si eiga innovasjonskraft. Gjennom enkle og ubyråkratiske tilskotsordningar og open dialog skal politikken leggje til rette for brei deltaking, høg aktivitet og sterke fellesskap, seier kulturminister Trine Skei Grande.

– Meldinga er òg ein hyllest til alle som gir av fritida si for å bidra for andre. Frivilligheita byggjer sterke fellesskap. Utan dei frivillige, ville vi hatt eit fattigare samfunn, seier kulturminister Skei Grande.

Mål for frivilligheitspolitikken:

Brei deltaking: I frivillige organisasjonar får enkeltmenneske bruke ressursane sine og oppleve mestring i møte med andre. Dette er avgjerande for tilliten i samfunnet vårt. Brei deltaking er difor eit overordna frivilligheitspolitisk mål. Regjeringa vil støtte opp om frivillige organisasjonar slik at dei kan rekruttere eit mangfald av frivillige og halde fram med aktiviteten sin.

Ein sterk og uavhengig sektor: Regjeringa vil sikre frivillige organisasjonar rammevilkår som gir frivillig sektor handlingsrom. Regjeringa legg fram ein opptrappingsplan for momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar. Vi vil også sjå på om meir av dei statlege løyvingane skal gå til driftstilskot samt sikre ei god Frifond-ordning til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Forenklingsreform:  Det skal vere enkelt å drive ein frivillig organisasjon. Det skal vere enkelt for frivillige å søkje, ta i mot og rapportere på offentleg støtte. Regjeringa vil m.a. starte eit pilotprosjekt med nokre tilskotsordningar som tek i bruk fleirårige avtalar og etablere forenklingsråd for tilskot til frivilligheita.

Ein meir samordna frivilligheitspolitikk: Regjeringa vil sikre god koordinering av den offentlege politikken for å sikre breitt engasjement og høg aktivitet.

Kulturministeren viser framsida av frivilligheitsmeldinga.
Kulturministeren med framsida av den nye frivilligheitsmeldinga. Foto: Wenche Nybo / Kulturdepartementet