Meld. St. 10 (2018–2019)

Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig — Den statlege frivilligheitspolitikken

Eit grunnleggjande prinsipp for frivilligheitspolitikken er sjølvstendet til frivilligheita. Det er ikkje staten som set måla for frivilligheita – det gjer frivilligheita sjølv. Denne meldinga omfattar statens frivilligheitspolitikk som skal støtte opp om ei sterk, sjølvstendig og mangfaldig frivilligheit. Brei deltaking er det overordna frivilligheitspolitiske målet. Verkemidla staten har for å nå dette målet er tilskot som støttar opp om ein sterk og uavhengig sektor, ein forenklingsreform som legg til rette for ei enkel, føreseieleg og open tilskotsforvalting og ein samordna og føreseieleg frivilligheitspolitikk.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no