Sommervoll er lege og administrerande direktør ved Vestre Viken HF.

– Lisbeth Sommervoll vil vere ein verdifull ressurs for HelseOmsorg21-rådet. Ho har brei erfaring frå helsetenesta, solid medisinsk fagkompetanse og god forståing for leiing og samarbeid på tvers av sektorar. Ho vil bidra med viktige perspektiv i arbeidet med forsking, innovasjon og utvikling innan helse- og omsorgssektoren, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Samtidig vil eg takke Per Morten Sandset for eit godt arbeid som leiar av rådet dei siste fire åra.

Viktig dialogarena

Sommervoll er utdanna lege med spesialisering innan indremedisin og kardiologi, og har mastergrad med spesialisering i leiing i anvendt organisasjonspsykologi frå BI.

– HelseOmsorg21-rådet har etablert seg som ein viktig arena for dialog mellom det offentlege og næringslivet, mellom stat og kommune og mellom tenestene våre og dei som bruker dei. Eg ser fram til å bidra i dette med den bakgrunnen eg har, seier Sommervoll.

Sidan nyttår har HelseOmsorg21-rådet (helseomsorg21.no) også fått to nye representantar i rådet, den eine er forskar Bjarte Bye Løfaldli frå Kristiansund kommune og den andre er prodekan Morten Bøhmer Strøm frå UiT Noregs arktiske universitet.

Om HelseOmsorg21-rådet

Formålet med HelseOmsorg21-rådet er å bidra til auka forsking av høg kvalitet som er nyttig, innovativ og næringsutviklande innan helse og omsorg.

Rådet skal bidra til dialog og ei samordna oppfølging av HelseOmsorg21-strategien (helseomsorg21.no) og andre relevante strategiske dokument og meldingar.

Målet er å bidra til god folkehelse, effektive helse- og omsorgstenester av høg kvalitet, verdiskaping og næringsutvikling.

Rådet består av sentrale personar frå næringsliv, sjukehus, universiteta og høgskulane, offentleg forvaltning, kommunesektoren og brukarorganisasjonar.

HelseOmsorg21-rådet i perioden 2026–2028

  1. Leiar Lisbeth Sommervoll, administrerande direktør Vestre Viken, Drammen
  2. Prorektor Toril Nagelhus Hernes, NTNU, Trondheim
  3. Prodekan Morten Bøhmer Strøm, UiT Noregs arktiske universitet
  4. Direktør Guri Rørtveit, FHI, Oslo
  5. Forskar Bjarte Bye Løfaldli, Kristiansund kommune
  6. Avdelingsdirektør Mari Trommald, KS, Oslo
  7. Leiar og fastlege Marte Kvittum Tangen, Tynset
  8. Direktør e-helse Per Olav Østbyhaug, St. Olavs hospital
  9. Fagdirektør Marta Ebbing, Helse Bergen
  10. Leiar Tarje Bjørgum, Abelia, Oslo
  11. Partnar og investeringsrådgivar Øivind Enger, Sarsia, Bergen
  12. Administrerande direktør Leif Rune Skymoen, LMI, Bærum
  13. COO Arild Kristensen, Norwegian Health Tech, Stavanger
  14. Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross, Kreftforeininga, Oslo
  15. Generalsekretær Lilly Ann Elvestad, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Oslo
  16. Professor Esperanza Diaz, innvandrarhelse, UiB, Bergen
Profilfoto av ny leiar av Helseomsorg21-rådet Lisbeth Sommervoll
Lisbeth Sommervoll er ny leiar av Helseomsorg21-rådet. Foto: Forskningsrådet