Ny lov om vern av norske havområde

Lova som gjer det mogleg å verne natur i alle norske havområde er sanksjonert av Kongen i statsråd.

– Det er ein milestein at denne lova no er på plass. Vi gjer dette for kommande generasjonar, både i Noreg og i verda, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Lov om vern av marin natur utenfor territorialfarvannet (havvernloven) gjer det mogleg å opprette marine verneområde i alle norske havområde. Fram til i dag har ein berre kunne oppretta verneområde i Noreg sine kystnære område innafor 12 nautiske mil. Den nye lova gjer det no mogleg å opprette marine verneområde i 200-milssonene ved fastlands-Noreg, Svalbard og Jan Mayen, og på norsk kontinentalsokkel.

– Vi får no eit viktig nytt verktøy for å ta vare på norske havområde som ligg utanfor dei kystnære farvatna, mellom anna på djuphavet. Dette er område som ofte er rike på naturmangfald, og med økosystemtenester vi alle er avhengige av, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Norge har ansvar for å bevare marin natur i store havområde. Her er vern eit viktig verkemiddel. Å verne viktige område for naturen, er også bra for klimaet. Dette er det lagt vekt på å synleggjere i lova. Havvernloven legg også til rette for at vi skal restaurere område, slik at tilstanden for naturen blir betre.

– Lova må takast i bruk for å ha effekt. Vi er allereie i gang med arbeidet med å hente inn eit fagleg grunnlag som skal hjelpe oss å peike på kva område vi bør verne etter den nye lova, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Lova trer i kraft 1. januar 2026.