Ny mellombels fylkesmann

Brit Skjelbred er i statsråd i dag konstituert til mellombels fylkesmann i Sør-Trøndelag.

- Skjelbred har brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Departementet har varsla ein gjennomgong av strukturen av fylkesmannsembeta. Då skal ein sjå fylkesmannsembeta i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag i samanheng med ein eventuell samanslåing av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylke. Difor blir Skjelbred tilsett i mellombels embete. 

Brit Skjelbred (66) har vore konstituert som fylkesmann sidan mars 2015. Ho er fast tilsett som assisterande fylkesmann hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Skjelbred er utdanna  sivilarkitekt. Ho starta å jobbe hos Fylkesmannen i 1995, og har mellom anna arbeidd som direktør for Kommunal- og beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag før ho blei tilsett som assisterande fylkesmann i 2011. Skjelbred har også vore statssekretær i Olje- og energidepartementet (2001-2004).

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00