Ny nasjonal hjorteviltstrategi
Nyheit | Dato: 22.04.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har lagt fram ny nasjonal strategi for forvaltning av hjortevilt.
Strategien skildrar behovet for ei meir heilskapleg og kunnskapsbasert hjorteviltforvaltning med meir samarbeid på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Han belyser også mange av utfordringane og moglegheitene i den norske hjortviltforvaltninga. Strategien er tenkt å gje retning for eit langsiktig arbeid og fungere som ein basis for samarbeid mellom aktuelle aktørar.
God vilthelse er viktig og krev systematisk overvaking. Strategien peikar også på hjortevilt som ein viktig ressurs for lokal næringsutvikling gjennom jakt, reiseliv og sal av viltkjøt.
Visjonen er «Robuste bestandar i ein natur i endring». Med robuste bestandar meiner ein dyr med meir naturleg kjønns- og alderssamansetjing, høg genetisk variasjon og god kondisjon, som gjer dei i stand til å meistre klimaendringar, sjukdomspress og menneskelege forstyrringar.