Ny rapport om hatefulle ytringar mot lhbt+-personar i Noreg
Nyheit | Dato: 03.07.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Noreg har eit godt utgangspunkt i arbeidet mot hatefulle ytringar, men det er framleis rom for å styrkje innsatsen vidare. Det går fram av ein ny rapport frå Europarådet om hatefulle ytringar baserte på seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.
Del av europeisk gjennomgang
Rapporten er ein del av Europarådet sin internasjonale gjennomgang av korleis medlemslanda følgjer opp tilrådinga om å bekjempe diskriminering basert på seksuell orientering og kjønnsidentitet. Temaet i år er hatefulle ytringar mot lhbt+-personar.
Noreg er eitt av to fokusland i gjennomgangen, saman med Malta. Rapporten er utarbeidd for Europarådet av forskar Rune Ellefsen (C-REX) i samarbeid med internasjonal konsulent Damjan Denkowski.
Brei norsk deltaking
Arbeidet med rapporten har hatt brei involvering frå norske styresmakter, fagmiljø og sivilsamfunn.
Som del av prosessen vart det arrangert ein rundebordskonferanse i Oslo 10. februar, i samarbeid mellom Europarådet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Bufdir. Her deltok sentrale aktørar som arbeider med lhbt+-tematikk, hatefulle ytringar og likestilling.
Innspela frå konferansen er tekne inn i rapporten og dannar grunnlag for fleire av tilrådingane.
Peikar på både styrkar og utfordringar
Rapporten gir eit breitt bilete av situasjonen i Noreg. Han viser at Noreg har utvikla eit omfattande lovverk og fleire tiltak for å motverke hatefulle ytringar.
Samtidig peikar rapporten på fleire utfordringar:
- auke i negative ytringar mot lhbt+-personar
- låg tillit til politiet blant enkelte minoritetsgrupper
- få meldingar om hatefulle ytringar
- variasjonar i kompetanse og kapasitet i politiet
Rapporten løftar også fram at hatefulle ytringar kan få alvorlege konsekvensar for dei som blir ramma, og kan bidra til redusert deltaking i offentlegheita og lågare tillit til samfunnsinstitusjonar.
Tilrådingar for å styrkje arbeidet mot hatefulle ytringar i Noreg
Rapporten inneheld 25 tilrådingar for å styrkje arbeidet mot hatefulle ytringar i Noreg.
Blant tiltaka som blir peika på, er:
- styrkt tillit mellom minoritetar og politi
- betre datagrunnlag og statistikk
- meir samordna innsats på tvers av sektorar
- utvikling av ein overordna nasjonal strategi
Viktig kunnskapsgrunnlag
Rapporten gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om hatefulle ytringar i Noreg, og vil vere eit viktig bidrag i arbeidet med å førebyggje diskriminering og styrkje rettane til lhbt+-personar.