Ny rapport om kvalitet i skulen:

Læringsmiljøet betyr mykje for resultata til elevane

Kva kjenneteiknar dei skulane og kommunane som bidreg mest til å løfte elevane fagleg? Det er ikkje mogleg å peike på einskilde faktorar, men læringsmiljøet og tett samarbeid mellom alle aktørar er viktige stikkord, viser ein ny rapport. – Kor mykje du lærer på skulen, skal ikkje vere avhengig av kva for kjønn eller bakgrunn du har. Difor må vi heile tida jobbe med å løfte kvaliteten i skulen, og vi må lære av dei skulane som løftar elevane mest, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Fleire forhold ved skulen verkar inn på kor mykje elevane lærer. Utviklinga av god kvalitet skjer best gjennom systematisk arbeid med både læringsmiljø og læringsutbytte. Det viser ein ny rapport frå ekspertgruppa for skulebidrag.

– Det er interessant å sjå at ekspertgruppa ikkje finn éin einskild faktor som kjenneteiknar dei skulane eller kommunane som bidreg mest til å løfte elevane fagleg, seier Melby.

Ekspertgruppa for skulebidragsindikatorar blei sett ned av regjeringa hausten 2019, og skal omtale kva som kjenneteiknar dei skulane og kommunane som lukkast best med å løfte kvaliteten i skulen. Ekspertgruppa har no lagt fram ein delrapport som presenterer eit kunnskapsgrunnlag om det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, skulebidragsindikatorane og forsking om kva som skal til for at skular kan auke bidraget sitt til elevane sitt læringsutbytte. Våren 2021 kjem sluttrapporten med tilrådingar og tiltak som skal bidra til at skuleeigarar og skular betre kan drive eit systematisk arbeid for å løfte kvaliteten på opplæringa for elevane, og bidra til betre læringsresultat.

– I haust skal vi ha fleire dialogmøte med skuleeigarar, skuleleiarar, lærarar og elevar for å få deira tankar om og røynsler med skulane sitt kvalitetsarbeid. Det er viktig for gruppa å få høyre korleis praksisfeltet opplever slikt arbeid, og dialogmøta vil vere ei viktig kunnskapskjelde i sluttrapporten, seier leiar av ekspertgruppa, Sølvi Lillejord.

Kjenneteikn ved skular som lukkast:

  •  Skuleeigar må ha kunnskap om skulane, vere ambisiøs og støtte utviklingsarbeid på skulane. Skuleeigar og skuleleiing må trekke i same retning og samarbeide om utviklinga av kvalitet.
  • Både skuleeigar, skuleleiing, lærarar og elevar må delta i arbeidet med skuleutvikling.
  • Leiinga ved skulen må aktivt støtte det profesjonelle læringsfellesskapet mellom lærarane.
  • Kommunar og skular treng meir kompetanse i korleis dei skal bruke forsking og resultat i utviklingsarbeidet.
  • Eit godt skulemiljø betyr mykje for kor mykje elevane lærer og må sjåast i samanheng med utviklinga av betre skulekvalitet.

Skulemiljøet viktig for læring

Ekspertgruppa peiker i rapporten på at det er vanskeleg å identifisere dei faktorane som betyr mest for skulebidraget, det vil seie kor mykje skulane bidreg til elevane si læring. Kvalitetsutvikling i skulen føreset tett samarbeid mellom skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar. Det må vere semje mellom ulike nivå om felles mål, kva man skal gjere, korleis og kvifor.  Ekspertgruppa legg også vekt på at utvikling av kvalitet må skje i lys av lokale forhold på den einskilde skule.

– Norske skular er ulike, og det er også elevane. Det er difor ikkje så overraskande at ekspertgruppa ikkje finn tydelege felles faktorar på dei skulane som bidreg mest til elevane si læring. Det er likevel interessant å sjå kor viktig skulemiljøet kan vere for kor mykje elevane lærer. Det viser at det er utruleg viktig å jobbe med godt miljø for at elevane skal trivast, og for at dei skal lære meir og stå betre rusta for framtida, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

 

Fakta

  • SSB og Utdanningsdirektoratet har sidan 2017 publisert skulebidragsindikatorar for grunnskulen og vidaregåande skule. Indikatorane forsøker å gje svar på kor mykje skulane bidreg til resultata til elevane, når ein tar omsyn til utdanningsnivået til foreldra, foreldra si inntekt og innvandrarbakgrunn og dei tidlegare skuleresultata til elevane.
  • Ekspertgruppa for skulebidrag blei sett ned i november 2019 og har desse medlemmane: Sølvi Lillejord, fagdirektør ved Universitetet i Bergen (leiar), Svein-Erik Fjeld, tidlegare utdanningsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Helene Ohm, kommunaldirektør i Stavanger kommune, Lasse Skogvold Isaksen, førsteamanuensis ved fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap NTNU, Torbjørn Lund, førsteamanuensis vedinstitutt for lærarutdanning og pedagogikk UiT, Lars Arild Myhr, assisterande senterleiar ved SePu, Høgskolen Innlandet og Anne Kristin Bolstad, oppvekstsjef i Vaksdal kommune.
  • Ekspertgruppa legg fram sin endelege rapport våren 2021. Her kjem dei med forslag til tiltak for å utvikle kvaliteten i skulen.