Nasjonal transportplan 2022-2033:

Heilt nye vegar til Nye Veier

– Nye Veier har vore ein suksess. Med prosjekta dei har i dag, vil selskapet ha auka lønsemda med nesten 60 milliardar kroner. Vi vel no å gi dei 11 nye strekningar. Det er strekningar i heile landet. Samstundes tek vi sikte på å overføre Fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 til dei. Det vil vere historisk om eit vegselskap endar opp med å bygge ut jernbane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Følgande vegstrekningar blir no ein del av porteføljen til Nye Veier: E6 Otta–Dombås, E6 Åsen–Steinkjer, E6 Selli–Asp, E6 Sørelva–Borkamo, E6 Nordkjosbotn–Hatteng, E6 Olderdalen–Langslett, E16 Høgkastet–Skaret, E136 Dombås–Vestnes, rv. 25 Hamar–Løten, Rv. 13 Skare–Sogndal og rv. 4 Hunndalen (Gjøvik)–Mjøsbrua.

– Med desse prosjekta aukar vi porteføljen til Nye Veier kraftig. Dei får fleire strekningar å jobbe med, og velje mellom. Dei er allereie i arbeid i store delar av landet, men no styrkar vi nærvære deira fleire plassar. Det vil styrke selskapet og bidra til å gi oss meir veg for fellesskapets pengar, seier Hareide.

Regjeringa legg òg opp til at perioden for dei årlege tilskota kan forlengast frå 2035 til 2041.

Overføring av Ringeriksbanen
I tillegg tek regjeringa sikte på å overføre Ringeriksbanen og E16 Høgkastet–Hønefoss, det såkalla fellesprosjektet FRE16, til Nye Veier.

– Vi ønsker at Nye Veier skal få dette prosjektet. Selskapet meiner sjølv det er mogleg å bygge ut prosjekta med lågare kostnadar og auka nytte. Dersom dei skal bygge jernbane for første gong, vil selskapet vere avhengig av god jernbanekompetanse. Dei må samarbeide med Bane NOR slik dei har med Statens vegvesen i vegprosjekta. Vi håper på ei endeleg avklaring i løpet av våren, seier samferdselsministeren.

Nye Veier vel oppstartstidspunkt
Nye Veier er eit selskap underlagt Samferdselsdepartementet. Selskapet avgjer sjølv når dei startar opp dei enkelte prosjekta. Nye Veier jobbar aktivt med å forbetre prosjekta dei har ansvar for å bygge ut.

Selskapet har involvert entreprenørane tidleg i prosessen, og selskapet kan sjå større vegstrekningar under eitt. Alt dette har gjort at Nye Veier no vurderer at dei vil kunne spare om lag 25 milliardar kroner på å redusere kostnadane for den noverande porteføljen til selskapet. Samstundes har dei klart å auke den samfunnsøkonomiske nytta for den same porteføljen med om lag 34 milliardar kroner. Til saman gir det ei auka samfunnsøkonomisk lønsemd på om lag 59 milliardar kroner.

For dei prosjekta som selskapet allereie har bygd ut, er kostnadane redusert med 19 prosent. Dette er samanlikna med kostnadsoverslaga som låg til grunn da selskapet tok over strekningane.

Nye Veier får ein årleg sum over Samferdselsdepartementets budsjett, som dei sjølv fordeler mellom strekningane som inngår i porteføljen. For 2021 var summen 5,8 milliardar kroner.

 

For meir informasjon, sjå:

Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022 - 2033